![]() |
![]() |
|||
| Hei...
Bur du åleine og kvir deg for vinteren, eller har nedsett helse og ynskjer meir hjelp til det daglege? Eller kanskje dei pårørande treng ein trygg stad du kan vera medan dei er på ferie? Då kan eit opphald i Havnebakken i Kaupanger vera løysinga. Eg heiter Oddrun Vedvik og har bygd om ein del av huset for deg. Det er eit forsterka butilbud for 3 personar og inkluderer alt du treng. Kvar leigetakar får eit eige rom og del av fellesareal med stove/hagestove, tekjøken, bad og uteplass med hage. I tillegg får du alle måltid, reinhald, tryggheit og trivsel. Lengda på opphaldet bestemmer du. Eg har eksamen i helse og sosialfag ved Luster vidaregåande skule, og har arbeidd innan omsorg i Sogndal kommune i 10 år. Ideen om å gje hjelp til dei som fell utanfor kommunen sine tilbod, har modnast over tid. Eg prøver no å realisere draumen. Eg håpar du tykkjer dette er eit godt tiltak, og du er like velkommen om du bur utanom Sogn. Vil du vita meir, så ring meg på mobil 91751016. Epost: oddrun@havnebakken.no Beste helsing |
||||
![]() |
||||
![]() |
||||
![]() |
||||